Meny
Fretex slagord

Strikkejakka som fikk nytt liv.

Då Tove Sandanbråten frå Nes hadde inspirasjonskveld om redesign på Fretex i Gol, fekk dei frammøtte lære korleis dei kan sy om fars gamle strikkejakke til et fint og annleis putetrekk.

Strikkejakka som fekk nytt liv

”Det handlar om å sjå ting med nye auge”, fortel Tove og synar fram ei pute ho har sydd. ”Alle puter har ei historie, og her har eg brukt minner. Eg tok mange stoff som kor for seg ikkje var fine, men saman ble dei lekre. Bakstoffet er arvegods.” Dei rundt 20 damene som sit i Fretexkaféen denne kvelden, nikkar beundrande. ”Berre hugs å sy på glidelås, det er viktig.”

 
Starta med dukkeklær

Tove Sandanbråten har drive med redesign så lenge ho kan hugse.

” Det begynte nok då eg fekk sitte med bestemor på Singermaskinen og sy dukkeklede. Då eg vart  sint og ville gje opp, spratt bestemor opp saumen og hjelpte meg vidare”, seier Sandanbråten. Etter det er det mang ein ting som har fått oppleve Toves nyskapande hender, og ingen prosjekt synes for store. ”Eg har grunning og sølvspray der eg har vaskemiddel”, fortel ho med eit smil. ”Det blir kasta for mykje i dag, og dette er eit fint bidrag til å ta vare på arvegods. Det gjeldt berre å sjå på ting med nye auge”.

 

Inspirerte jenter

Det var mange som lot seg inspirere denne kvelden, og dei yngste var nok dei 12 år gamle venninnene Marit Gjestemoen Haugstad, Connie Eileen Skredderberget Økland og Inga Køso Svarstad. Dei skal opptre med eit dansenummer på Talentiaden på Gol Skule og trengte idear til antrekk.

”Me vart kjempeinspirert”, seier dei entusiastisk. Connie fortel at ho allereie har sydd om ei gammal veske og ein kjole, så ho er ikkje helt ukjend med begrepet redesign. Det vart tilslutt ei kvit pute med påsydde små hekledukar som vart  inspirasjonen, og dei tre jentene kjøpte med seg kvite t-skjorter og hekledukar i forskjellige fargar til kostymet sitt. Sandanbråten gav råd og tips til fargeval og korleis dei kan sy på hekledukane.

 

Aukande trend

Interiørblad og moteblad viser at redesign er ein stadig aukande trend. Både med omsyn til miljø og gjenbruk, og ikkje minst det unike med noko ingen andre har.

Butikkleiar på Fretex Gol, Sigrun Magnetun Thorsen, fortalte at Fretex har ein egen trendbutikk i Oslo kor dei sel egne redesignprodukter, som blant anna vesker laga av gamle skinnjakker og toppar laga av gamle dukar.  Men det kostar, og det syns Sandanbråten er dumt. ”Eg får litt hetta av kor mykje ein tar for redesignprodukter”, seier ho. Derfor er det gull verdt med slike inspirasjonskveldar som dette, kor ein kan få idear til å lage slike ting sjølv. Kvelden på Fretex går mot slutten, og mange fornøgde damer har handla med seg nokre prosjekt heim. Kanskje er det ei strikkejakke som gjenoppstår som pute i ein heim eller to?